Best Western Plus Hotell Hordaheimen
Facebook Twitter Google Plus Youtube

Din mening er veldig viktig for oss

Undersøkelsen tar 5-7 minutter

Best Western Rewards-medlemmer får 250 poeng som takk for hjelpen


40
Bestill rum

Rom 1

OK
Min bestilling
Hotell Hordaheimen sett fra gaten i Bergen Sentrum.
Hotell Hordaheimen sett fra gaten i Bergen Sentrum.

BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen - Historia vår

BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen - Historia vår

Det var Bondeungdomslaget i Bergen og private luteigarar som i si tid starta opp Hordaheimen for snart 100 år sidan. Dei bestemte seg for å skape ein overnatting og serveringsstad for folk som kom reisande til Bergen frå distrikta — ein trygg plass i den store skumle byen.

Då hotellet opna i 1918 var det 35 rom med enkel standard. Hotellromma var då utstyrte med nattmøbel (potte), mugge og vaskefat.

Innredninga gjekk elles i dystert brunt og grønt, i tråd den den tidas interiørstil.

I dag framstår hotellet som eit moderne forretningshotell med djupe tradisjonar.

Hotell i Bergen sentrum med plass for alle

Hotellet har i dag 88 hotellrom, alle oppussa dei seinaste 3 åra. Romma har komfortable møblar, trådlaust nettverk (fiber) som gjer det enkelt for gjestane å jobbe direkte frå romma. Det perfekte hotellrom for blant anna forretningreisande i Bergen.

I marknadsføringa både i 1918 og framleis den dag i dag er det ofte skrive ; ” Ein gjest er ikkje berre ein gjest – ein gjest er ein ven”.

Forretningshotell

Hotellet er i dag eit moderne forretningshotell og har alle fasilitetane man kan vente seg på eit hotell, men vi har gjestane sine ord på at atmosfæra på hotellet skil oss frå dei andre hotella.

Det viser at filosofien Bondeungdomslaget hadde då dei skapa Hordaheimen i 1918, framleis lever, og at vi har lukkast i å skape ei heimsleg atmosfære for folk flest.

Hotellets beliggenheit i Bergen er svært sentral, og eit flott utgangspunkt for utflukter til fjord og fjell.

Om ein ynskjer meir urbane ferieopplevingar er attrasjonar, shopping og uteliv berre eit steinkast unna.

Best Western Hotell Hordaheimen er framleis eit tradisjonsrikt hotell, frå den spede starten i 1918 var ideen som sagt å skape ein overnattingsplass for ”strilane” som kom til Bergen.

Eigarane våre, den gong som no, Bondeungdomslaget i Bergen har sørga for at vi har teke med oss ideen frå 1918 inn i den moderne tida. Vi har i dag og gjestar som set pris på å bli omtala som stril, men fleirtalet av gjestane våre i dag er forretningsfolk frå inn - og utland.

Hotellet er som et museum i seg sjølv. Det opprinnelege bygget er oppført i Jugensstil som eit av få bygg i Bergen. Gjennom mange års drift og med ein eigar som ynskjer å ta vare på dei norske tradisjonane, har vi fått ei fin samling av kunst og gamle møblar.

Tradisjonsrikt hotell

Som ein raud tråd gjennom heile huset finn ein møblement frå den kjende treskjæraren Lars Kinsarvik (1846-1928). Han var ein av dei mest kjende innanfor sitt felt og har laga praktfulle møblar med flotte ornament frå norske historiske hendingar. Det er verdt eit besøk innom hotellet berre for å ta ein kikk på Kinsarvik-møblane og kunsten av Nils Berglien.

I Kaffistova har vi eit bilete mange museum misunner oss, ” Heilage Olav på Hundorp” av Nils Bergslien. Motivet er Snorre Sturlason kongesoga, som skildrar Kong Olav si kristningsferd i Gudbrandsdalen i år 1022. Elles har vi og ei rekke andre kunstverk rundt på hotellet i korridorar og fellesareal av kjende og ukjende kunstnarar. Eit sagn fortel at desse kunstnarane betalte for opphalda sine med å donere eit bilete til hotellet. Hordaheimen har vore ein stad som har tiltrukke seg kunstnarar og forfatterar i all si tid, og vi har mange kjente kulturelle personlegheiter som bur her no og. I dag betaler desse med kort eller kontant som folk flest.

Overnatting i Bergen med noko ekstra


Vi har nynorsk som forretningsspråk, og det er noko vi set stor pris på og gjer at vi skil oss litt frå våre konkurrentar. Vi har rom for poesi, på sengene våre legg vi dagleg fram dikt av nynorske forfattarar! Dikta kan fungere som ein romantisk pangstart på opphaldet eller ein "grip dagen" appell på ein regntung dag...
Each Best Western® branded hotel is independently owned and operated. © 2002-2017 Best Western International, Inc. All rights reserved.
Vi bruker cookies for å gi deg en bedre brukeropplevelse