











Et hjemmekoselig hotell for folk flest!
Vi har teke i mot fornøgde gjestar sidan 1918, og er eit av dei eldste hotella i Bergen. Vi fornyer oss likevel stadig, i 2007 utvida vi hotellet med 33 nye superiorrom, i tillegg pussa vi opp kurs og konferanseavdelinga vår og opna ny lobbybar.
Dei beste sengene i byen?
Alle våre 88 rom er utstyrte med dei beste sengene på den norske marknaden, Svane Zenithsenger frå Ekornes. I tillegg er dei fleste hotellromma våre allergirom, og hotellet er røykfritt. På mange måtar er eit av dei eldste hotella i byen og eit av dei nyaste.
Som vår hotellgjest bur du midt i opplevingane Bergen har å by på. Attraksjonar, shopping og uteliv er eit steinkast unna. Det viktig å ta vel i mot folk som kjem reisande, og det er vi kjend for på Hotell Hordaheimen. Vi har lukkast i å lage ei heimsleg atmosfære for ”folk flest”. Våre gjestar skal kjenne seg som heime sjølv om dei er på reise.
Vi har utvida!
Ynskjer du ekstra god komfort bør du prøve eit av våre superiorrom. I årsskifte 2007/2008 opna vi 33 nye superiorrom, desse delikate romma er utstyrte med kvalitetsmøblar frå Ekornes. Du er garantert ei god natts søvn og søte draumar i våre Svane Zenithsenger.
Superiorromma er svært egna for forretningsreisande med eige PC –bord, Stressless og flatskjerm – TV.
Vi tilbyr kveldsmat til gjestane våre, suppe med brød er servert frå kl.19.00 - dette er sjølvsagt gratis.






Del denne siden: