











Eit heimekoseleg hotell for folk flest!
Vi har teke i mot fornøgde gjestar sidan 1918, og er eit av dei eldste hotella i Bergen. Vi fornyer oss likevel stadig, i 2007 utvida vi hotellet med 33 nye superiorrom, i tillegg pussa vi opp kurs og konferanseavdelinga vår og opna ny lobbybar. Medio september 2011 er vi ferdige med totalrenovering av våre eldste 55 rom. Hotellet er då nyrenovert frå kjellar til tak.
Vi tek historia vår inn i Kaffistova og i haust, vi renoverer med maling og interiør for å få Kaffistova litt meir som den var i si glanstid. Spanande gamle bilete, veggur og poesi å sjå på medan du inntek ein herleg frukost.
Dei beste sengene i byen?
Alle våre 88 rom er utstyrte med dei beste sengene på den norske marknaden, Svane Zenithsenger frå Ekornes. I tillegg er dei fleste hotellromma våre allergirom, og hotellet er røykfritt. På mange måtar er eit av dei eldste hotella i byen og eit av dei nyaste.
Som vår hotellgjest bur du midt i opplevingane Bergen har å by på. Attraksjonar, shopping og uteliv er eit steinkast unna. Det viktig å ta vel i mot folk som kjem reisande, og det er vi kjend for på Hotell Hordaheimen. Vi har lukkast i å lage ei heimsleg atmosfære for ”folk flest”. Våre gjestar skal kjenne seg som heime sjølv om dei er på reise.
Nyopning på Kaffistova
Vi opnar Kaffistova att torsdag 5.januar kl.12.00.
Etter å ha vore stengt eit år, gjev vi etter for gjestane sitt krav og gjenopnar Kaffistova.
Vi har pussa opp, fått nye møblar og nytt interiør.
Menyen og dei gode smakane er dei same som før.
Sjå meir informasjon på menypunkt Kaffistova, der finn du mellom anna våre faste vekemenyar.






Del denne siden: